mandag 4. oktober 2010

Trykkstart!

Boka er i skrivande stund sendt til trykk hjå Prinfo i Larvik. Velour reiser dit til trykkstart i morgon!

tirsdag 31. august 2010

Boklansering laurdag 6 november!

Ja de ser rett. Laurdag 6 november kl.13 blir det lanseringsfest! Vi har vore så heldige å få Rosendal Turisthotell til å stå for lokalet. Ein stor takk til dei. Meir informasjon kjem nærmare dagen.

tirsdag 10. august 2010

NutenOpp!

Det var overskya frå morgonen av då mosjonsklassen byrja på NutenOpp på sundag. Og det tetta seg til endå meir rett før konkurranseklassa sprang avgarde kl 12. Men det stoppa ikkje Jonathan Craig Wyatt som ikkje uventa vann løpet på tida 35:44. Antonella Confortola Wyatt vart raskaste kvinne med tida 42:42
Les meir om Norgescupen i www.kvinnheringen.no no fyrstkommande onsdag.
Det var visst ein som meinte han hadde gjort seg fortent til 1. plassen han og!

tirsdag 20. juli 2010

Bading i Neslia
















Takk til alle som var med på badefoto i Neslia! Det er eit godt teikn på dugnadsanda i bygda når ein får samla så mange på så kort tid.

fredag 9. juli 2010

Melderskin med Margreta













Eg fekk med meg ein flott guide opp på toppen i går. Margreta var rask på foten og eg greidde såvidt å halde fylgje med ho der ho spratt oppover. Då vi skulle skrive oss inn i boken på toppen var det sjølvsagt ein plastpose frå Rosendal Bokhandel den var pakka inn i. Ekstra moro var det sidan Margreta er dotter til Bente på Bokhandelen.
Vi hadde ein flott tur. Ein  stor takk til guiden min!




















Med flott utsikt til Folgefonna!

Piknik på Snilstveitøy
















Solen titta fram og det var på tide med ein tur over vatnet. Beate Hannisdal anbefalte potetlefse laga av Birgit Hjelmeland med rømme, Hjønnevågslaks og purre. Litt eplemost, hjortepølse, jordbær og ein redikksalat vart også med i korga.



tirsdag 6. juli 2010

Roser i sentrum
















Det er så fint med alle rosene langs vegen. Regndråpene som kviler i kronblada gjer dei ekstra vakre.