fredag 19. februar 2010

Takk for oss for denne gong

Takk for no! Vi kjem att til våren og skal sjå på lokalhistorie. Samstundes blir det eit dykk i bildearkivet til kommunen. Vi gler oss!

torsdag 18. februar 2010

Vintermeny

I går var vi innom Raualøo og Beate Hannisdal lagde vintermat til oss. Og som vanleg var lokale råvarer i fokus. Vi røper ikkje menyen, men her er salaten.


Marian Thunold og Jostein Hatteberg er så snille og let oss bruke Raualøo til matlagingen. Vi gler oss til våren. Då skal vi fotografere den spesielle brudesuiten i  siloen!

Det gamle treet


Er det nokon som veit kor gammalt dette treet er? Og kva slags tre er det? Staseleg står det der iallefall, inntil vegen med postkassa som samtalepartnar.

Grusing av gangveg

Eg var på veg innover mot Rosendal sentrum frå Seimsfoss då eg blei stoppa av ein kar som lurte på om det var glatt på gangvegen. Nei, svara eg. Her er det bra grusa. Slik service er eg ikkje van med i Oslo der dei salter fortaua og difor øydelegg skoa til lokalbefolkninga. Her i Rosendal er det grusing og omtanke. Det set eg, og sikkert Rosendelingane også, pris på.

onsdag 17. februar 2010

Flott velkomst i februar!

No er vi endeleg attende for den siste vinterturen før boka går til trykk. Det nærmar seg med stormskritt. Difor var det så fint å rusle rundt og få dette som avslutning på dagen.