lørdag 22. november 2008

På scones og te hjå Dag Kenneth Sørensen og Irene Ravndal


Vi får høve til å sjå noko av kunsten til Dag. Det er flott å sjå korleis lyset dansar i glasuren.

Eremittkreps

Krepsen vil ikkje ut for alt i verda. Det er nok tryggare der inne.

Tore og måsen


Tore kastar invollane til fisken uti vatnet og det blir kamp om maten.

Fisketur med Tore Hartvik


Vi møter Tore i bua og blir med ut i båten.

Rusletur på morgonen



November 2008

Vi vaknar opp til frost på graset og klar sol. Det er fyrste gongen Carina er i Rosendal så eg(Laila) er spent på dagen framfor oss. Vi startar med havregraut og te med sitron. Det er nydeleg lys ute og eg tek meg ein tur for å fotografere ved vatnet. Vi lånar hus av Signe Nygaard og Michael Talbot.