tirsdag 20. juli 2010

Bading i Neslia
















Takk til alle som var med på badefoto i Neslia! Det er eit godt teikn på dugnadsanda i bygda når ein får samla så mange på så kort tid.

fredag 9. juli 2010

Melderskin med Margreta













Eg fekk med meg ein flott guide opp på toppen i går. Margreta var rask på foten og eg greidde såvidt å halde fylgje med ho der ho spratt oppover. Då vi skulle skrive oss inn i boken på toppen var det sjølvsagt ein plastpose frå Rosendal Bokhandel den var pakka inn i. Ekstra moro var det sidan Margreta er dotter til Bente på Bokhandelen.
Vi hadde ein flott tur. Ein  stor takk til guiden min!




















Med flott utsikt til Folgefonna!

Piknik på Snilstveitøy
















Solen titta fram og det var på tide med ein tur over vatnet. Beate Hannisdal anbefalte potetlefse laga av Birgit Hjelmeland med rømme, Hjønnevågslaks og purre. Litt eplemost, hjortepølse, jordbær og ein redikksalat vart også med i korga.



tirsdag 6. juli 2010

Roser i sentrum
















Det er så fint med alle rosene langs vegen. Regndråpene som kviler i kronblada gjer dei ekstra vakre.

Sommar
















Eg plukka med meg Sommar-Grenda frå Galleri G Guddal i går. No går eg ikkje glipp av alt som foregår i bygda. Og det er ikkje så reint lite.

På veg


mandag 5. juli 2010

Rødne snøggbåt

No er det tid for ein tur att og denne gongen åleine. Det er siste gong før boka kjem ut i november! Vêret er ikkje det beste, men eg håpar på ein tur opp på Melderskin denne veka. Tenk å få sjå Rosendal frå toppen! Turen med Rødne var flott som vanleg. Sjølv i regn er det stas å ete hardangerkling og drikke kaffi på båten.