onsdag 28. oktober 2009

Vassdråper


Spindelvevet klamrar seg tappert fast på denne gamle brygga, det same gjer vassdråpene. Regn kan òg vere vakkert.

tirsdag 27. oktober 2009

Intervju med Peter Couzens i Kvinnherad Kyrkje


Vi tok turen til Kvinnherad Kyrkje for å prate med Peter Couzens om korleis det er å vere innflyttar. Han imponerte oss med Toccata & Fuge d-moll av J.S. Bach. Ei stor oppleving for oss alle.



Kyr og rognebær

Harmoni på Kletta.

Elefanten


Ingen fastbuande, som vi prata med, hadde sett at Malmangernuten eigentleg er ein elefant. Har du?

Kaffislabberas



Hjå Anny Mehl fekk vi vete mykje om dei lokale mattradisjonane i Rosendal. Vi blei serverte rauddravle, mjølkekaker og potetkaker og storkoste oss i hyggeleg lag.


Himmelsk lys


Kvinnherad Kyrkje i eit lite gløtt av septembersol.

Eit solgløtt


Dei små gløtta av sol var kjærkomne i alt regnet.

Regn, regn, regn..


All slags vêr må dei tåle, dei to nausta ved fjorden.

Hatteberg jaktlag

Søndag var eg for første gong med på hjortejakt. Desse kjekke karane frå Hatteberg jaktlag tok meg med innover i Muradalen. I motsetnad til turen eit par dagar før, blei det ikkje klaff denne gongen. Vêret blei etter kvart så dårlig at eg, våt og kald, måtte kaste inn handkleet.











Siste rest av sommar


Det første som møter meg i hagen til Signe Nygård og Michael Talbot er denne nydelege rosa. Eit uventa syn på tampen av september!






Stilla


Eg fekk slå følgje med Jens Åge Fossberg i koia til Hatteberg jaktlag. Etter to timars intens venting, dukka ei kolle opp på jordet. Ho kikte bort på koia, men ensa ingenting før ho låg i graset.