fredag 20. februar 2009

Synnøve i Språkfolk


Gjennom dottera til Signe, Anna, fekk vi tak i Synnøve Vindheim Svardal. Som halvparten av tekstbedrifta Språkfolk, med tilhald i Bergen, har ho blitt ansvarleg for alle orda. Synnøve har tilknyting til bygda frå nokre turar med Anna då ho var lita. Men no har ho oppdaga bygda litt på nytt. Ho var med oss og intervjua Harald Mehl. Vi gler oss til eit vidare samarbeid med Synnøve.

Steinparken


Vi ruslar innom Steinparken på veg attende til Seimsfoss for å kvile ut etter ein lang og inspirerande dag.
Skuggen av Malmangernuten legg seg på Melderskin.

Intervju med Harald Mehl

Vêrmann
Harald Mehl (f. 1925) har vore bonde og vêrmann i ein mannsalder. Vêrstasjonen på plenen utanfor huset har han vakta sidan 1940.

Vinter på Baroniet



Det er som tatt ut av «Tre nøtter til Askepott». Ei rose har overlevd kulda. Den står der, stram og stolt.

Februar 2009


Det har allereie blitt februar. Vi har vore heldige med vêret, for februar er ikkje ein månad å spøke med i Rosendal. Vi ville gjerne få oppleve den berykta sydausten, men hadde ikkje «hellet» med oss denne gongen.